Online Bible

- Advertisements -


Ester 7 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011


Hamans fall

1 Kongen og Haman kom til festen hos dronning Ester.

2 Også den andre dagen sa kongen til Ester medan dei sat og drakk vin: «Er det noko du vil be om, dronning Ester, så skal det bli gjeve deg. Har du eit ønske, om det så er halve riket, skal det bli oppfylt.»

3 Då svara dronning Ester: «Dersom kongen ser på meg med velvilje, og om han finn det for godt, så gjev meg mitt eige liv, det er mi bøn, og mitt eige folk, det er mitt ønske.

4 For eg og mitt folk er selde til utrydding, drap og undergang. Om vi berre var selde som slavar og slavekvinner, ville eg teia. For slik ei ulukke hadde ikkje vore noko å bry kongen med.»

5 Då sa kong Xerxes til dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han som har hjartet fullt av slike planar?»

6 Ester svara: «Motstandaren og fienden er denne vonde Haman.» Haman dirra av skrekk framfor kongen og dronninga.

7 Kongen reiste seg i sinne. Han gjekk frå drikkelaget og ut i slottshagen. Men Haman vart ståande framfor dronning Ester. Han ville be for livet sitt, for han skjøna at kongen hadde sett seg føre å gjera han vondt.

8 Då kongen kom attende frå slottshagen til huset der drikkelaget var, låg Haman over benken som Ester sat på. Kongen ropa: «Vil han jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus?» Ikkje før var desse orda komne ut av kongens munn, så dekte dei andletet til Haman.

9 Då sa Harbona, ein av kongens evnukkar: «Sjå, Haman har sett opp ein påle for Mordekai, han som ein gong berga kongen gjennom det han fortalde. Pålen står ved Haman sitt hus og er femti alner høg.» Kongen sa: «Heng han i den!»

10 Så hengde dei Haman i pålen som han sjølv hadde reist for Mordekai, og sinnet rann av kongen.

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Follow us:



Advertisements