Ester 8:9 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 20119 Kongens skrivarar vart straks kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, det er månaden sivan. Dei skreiv alt ned slik Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og leiarane i provinsane frå India til Kusj, 127 i alt, til kvar einskild provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart einskilt folk på det språket dei tala, også til jødane med den skrifta dei brukte og på det språket dei tala. See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk9 Med ein gong vart skrivarane åt kongen kalla saman. Det var den tjuetredje dagen i den tredje månaden, sivan månad. Dei skreiv så som Mordekai baud, til jødane og til satrapane, statthaldarane og styresmennene i provinsane frå India til Nubia, 127 provinsar i alt. Brevet vart sendt til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Jødane òg fekk dette brevet i si eiga skrift og på sitt eige tungemål. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk9 So vart då med ein gong skrivarane åt kongen kalla i hop - det var tri og tjugande dagen i tridje månaden, sivan månad - og dei skreiv heiltupp soleis som Mordekai sa fyre, til jødane og til jarlane og landshovdingane og fylkesstyrarane frå India og til Etiopia - hundrad og sju og tjuge land - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala, og til jødane og i deira eigi skrift og i deira eige mål. See the chapter |