Ester 7:8 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 20118 Då kongen kom attende frå slottshagen til huset der drikkelaget var, låg Haman over benken som Ester sat på. Kongen ropa: «Vil han jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus?» Ikkje før var desse orda komne ut av kongens munn, så dekte dei andletet til Haman. See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk8 Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman bøygd over den benken som Ester sat på. Då ropa kongen: «Vil du jamvel gjera vald mot dronninga, og det her i mitt eige hus!» Ikkje før var dette ordet fare ut or munnen på kongen, så sveipte tenarane inn andletet hans Haman. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk8 Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman framyver kvilebenken som Ester sat på. Då ropa kongen: Vil han jamvel taka dronningi med vald, og det her i mitt eige hus! Ikkje fyrr var det ordet fare or munnen på kongen, fyrr dei sveipte inn andletet hans Haman. See the chapter |