Ester 3:12 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 201112 Den trettande dagen i den første månaden vart kongens skrivarar kalla saman. På bod frå Haman vart det sett opp eit skriv til kongens satrapar, statthaldarane i kvar provins og leiarane for kvart folk, til kvar provins med den skrifta dei brukte der, og til kvart folk på det språket dei tala. Det var skrive i namnet til kong Xerxes og forsegla med kongens signetring. See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk12 Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk12 Trettande dagen i fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman, og det vart sett upp eit skriv heiltupp soleis som Haman sa fyre, både til jarlane åt kongen og til landshovdingane i kvart land og til hovdingane for kvart folk - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivi vart utferda i namnet åt kong Ahasverus og forsigla med den kongelege seglringen. See the chapter |