Daniel 6:8 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 20118 Alle ministrane, guvernørane, satrapane, rådsherrane og statthaldarane har halde råd og vorte samde om at kongen bør senda ut ei forordning med eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, skal kastast i løvehòla. See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk8 Alle riksrådane, statthaldarane, satrapane, rådsherrane og landshovdingane har samrådt seg: Kongen bør fastsetja at det skal gjevast eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk8 Alle riksrådane og jarlane og satrapane, rådsherrane og landshovdingane hev samrådt seg um at det burde verta gjeve eit kongeleg påbod og ferda ut eit strengt forbod, at den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal verta kasta i løvegropi, kven det so er. See the chapter |