Daniel 5:21 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 201121 Han vart jaga bort frå menneska, og hjartet hans vart som eit dyrehjarte. Han heldt til mellom villesel og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til han skjøna at Gud, Den høgste, rår over riket blant menneska og kan gje det til kven han vil. See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk21 Han vart utstøytt frå menneska, og hjarta hans vart som eit dyrehjarta. Han heldt til mellom villesla og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess han sanna at Den Høgste Gud rår over kongedømet blant menneska og kan gje det til kven han vil. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk21 Han vart utstøytt frå mannsborni, og hjarta hans vart som hjarta hjå eit dyr, og hjå villasni laut han bu; gras laut han eta som uksane, og av doggi frå himmelen vart lekamen hans vætt, til dess han sanna at den høgste Gud råder yver kongedømet hjå menneski og set kven han vil, til å styra. See the chapter |