Daniel 3:29 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 201129 No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og nasjonar og tungemål som talar hånleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i bitar, og huset hans skal leggjast i grus. For det finst ingen annan gud som kan berga på denne måten.» See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk29 No gjev eg dette påbodet: Er det nokon i alle folk og ætter med ulike språk som talar vanvørdsleg om Sjadraks, Mesjaks og Abed-Negos Gud, skal han hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein grushaug. For det finst ingen annan gud som kan frelsa så som han.» See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk29 So gjev eg no dette bodet den som segjer noko vondt um guden åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, kva folk eller ætt eller tungemål han so høyrer til, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen annan gud som kann hjelpa so som han. See the chapter |