Daniel 2:9 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 20119 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!» See the chapterNorsk ovesettelse 1978/85 nynorsk9 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!» See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk9 Dersom de ikkje segjer meg draumen, kann domen yver dykk ikkje verta anna enn ein. Men de hev vorte samde um å fortelja meg ei skammeleg lygn, i von um at tidene skal snu seg; seg meg no difor kva eg hev drøymt, so skynar eg at de og kann tyda det for meg! See the chapter |