Daniel 5:2 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk2 Då vinen tok til å verka på han, baud Belsasar at dei skulle henta dei kar av gull og sølv som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå templet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og fylgjekonene hans drikka or dei. See the chapterBibelen – Bibelselskapets omsetjing 20112 Belsasar vart påverka av vinen og baud at dei skulle henta dei gullkara og sølvkara som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå tempelet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drikka av dei. See the chapterNorsk oversettelse 1938 nynorsk2 Då Belsasar hadde fenge smak på vinen, baud han at dei skulde henta dei gullkjeraldi og sylvkjeraldi som Nebukadnesar, far hans, hadde teke or templet i Jerusalem, so kongen og stormennene hans, konone og fylgjekonone hans kunde drikka or dei. See the chapter |