Online Bible

- Reklamy -

Salmane 6 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011

1 Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein salme av David.

2 Herre, refs meg ikkje i din vreide, straff meg ikkje i din harme!

3 Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, kroppen skjelv av redsle,

4 mi sjel er gripen av frykt. Herre, kor lenge?

5 Vend deg hit, Herre, og fri meg ut, frels meg i di miskunn!

6 Kven av dei døde kallar på deg? Ingen i dødsriket prisar deg.

7 Eg er trøytt av å klaga. Eg dynkar mitt leie med tårer kvar natt, senga dryp av gråt.

8 Mitt auge er sløvt av bitter sorg, aldra fordi mange står imot meg.

9 Bort frå meg, alle de som gjer urett! For Herren høyrer min gråt.

10 Herren lyttar til mitt rop om nåde, Herren tek imot mi bøn.

11 Alle mine fiendar skal bli til skamme og rista av redsle. Brått skal dei snu seg bort i skam.

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy