Online Bible

- Reklamy -

Salmane 4 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av David.

2 Svar meg når eg ropar, du min rettferds Gud! Du viser meg ein veg ut av nauda. Ver meg nådig og høyr mi bøn!

3 De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge skal de elska det som er tomt og jaga etter løgn? Sela

4 Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer når eg ropar til han.

5 Skjelv for han og synd ikkje meir. Sei til dykk sjølve når de går til ro: «Ver stille!» Sela

6 Ber fram rette offer og set dykkar lit til Herren!

7 Mange seier: Kven kan gje oss lukke? Lat lyset frå ditt andlet skina over oss, Herre!

8 Du gjev meg større glede i hjartet enn andre får av mengder med korn og vin.

9 I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, Herre, berre du lèt meg kvila trygt.

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy