Online Bible

- Reklamy -

Salmane 3 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011

1 Ein salme av David då han rømde for Absalom, son sin.

2 Herre, kor talrike mine fiendar er! Mange reiser seg mot meg.

3 Dei seier om meg: «Hos Gud er det inga frelse for han.» Sela

4 Men du, Herre, er eit skjold for meg, du er mi ære, du lyfter mitt hovud.

5 Eg ropa høgt til Herren, og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela

6 Eg la meg ned og sovna, eg vakna, for Herren held meg oppe.

7 Eg er ikkje redd ti tusen som samlar seg mot meg på alle kantar.

8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud! Du slår alle mine fiendar på kjeven og knuser tennene til dei lovlause.

9 Frelsa er hos Herren. Lat di signing kvila over ditt folk! Sela

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy