Forkynnaren 1 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 20111 Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem. 2 Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt! 3 Kva har mennesket att for sitt strev, for alt det strevar med under sola? 4 Slekter går, og slekter kjem, men jorda er alltid den same. 5 Sola går opp, og sola går ned, så stundar ho attende til staden ho går opp. 6 Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord, medan vinden snur og skifter og tek til med rundgangen på nytt. 7 Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna. 8 Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra. 9 Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola. 10 Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt», har det likevel hendt i tidlegare tider, lenge før oss. 11 Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer. Å gjeta vinden 12 Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem. 13 Eg la meg på hjartet å undersøkja og granska med visdom alt som blir gjort under himmelen. Det er eit vondt strev Gud har gjeve menneska å plaga seg med. 14 Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden! 15 Det som er kroket, kan ingen retta opp. Det som manglar, kan ingen telja. 16 I hjartet mitt sa eg: Sjå, eg har vunne større visdom enn nokon som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg lært å kjenna av visdom og kunnskap. 17 Eg la meg på hjartet å læra kva som er visdom, og kva som er dårskap og uforstand. Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden. 18 For med stor visdom følgjer mange sorger. Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte. |
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.
Norwegian Bible Society