Online Bible

- Reklamy -

Amos 7 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011


Syn om Israels undergang

1 Dette viste Herren Gud meg: Sjå, han skapte grashopper då graset tok til å veksa etter slåtten. Sjå, det var etterveksten etter kongens slåttonn.

2 Då dei hadde ete opp alt graset i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»

3 Då angra Herren på dette. «Det skal ikkje skje», sa Herren.

4 Dette viste Herren Gud meg: Sjå, Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store djupet og heldt på å eta opp åkrane.

5 Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob stå seg, så liten som han er?»

6 Då angra Herren på dette. «Heller ikkje det skal skje», sa Herren Gud.

7 Dette viste han meg: Sjå, Herren stod på ein loddrett mur, i handa hadde han eit blylodd.

8 Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: «Sjå, eg senkar loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9 Isaks offerhaugar skal øydast og Israels heilagdomar siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»


Amos blir bortvist frå Betel

10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel: Amos har fått i stand ei samansverjing mot deg midt i Israels hus. Landet kan ikkje tola alle orda hans.

11 For Amos seier: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel skal drivast i eksil, bort frå landet sitt.»

12 Sidan sa Amasja til Amos: Du sjåar, gå din veg, kom deg av stad til Juda! Der kan du eta ditt brød, der kan du profetera.

13 I Betel får du ikkje lenger profetera, for det er ein kongeleg heilagdom, eit rikstempel.

14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetlæresvein. Eg held husdyr og dyrkar fiken.

15 Men Herren tok meg bort frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og tal profetord til Israel, folket mitt!»

16 Høyr no Herrens ord: Du seier: «Ikkje tal profetord mot Israel, ikkje spå mot Isaks hus!»

17 Difor seier Herren: «Kona di skal vera hore i byen, sønene og døtrene dine skal falla for sverd. Jorda di skal delast med målesnor, du sjølv skal døy på urein jord, og Israel skal drivast i eksil frå landet sitt.»

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy