Amos 6 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011Ve dei sorglause på Sion 1 Ve dei sorglause på Sion og dei trygge på Samarias fjell, dei gjævaste av det fremste folkeslaget, dei som Israels hus vender seg til. 2 Far til Kalne og sjå, gå derifrå til Hamat-Rabba og far ned til Gat i Filistarland! Er de betre enn desse rika? Har dei eit større område enn de? 3 De vil jaga ulukkedagen bort, men set vald i høgsetet. 4 Dei ligg på elfenbeinsbenker og strekkjer seg på divanar, dei et lam frå saueflokken og gjøkalvar frå buskapen. 5 Dei skrålar til harpespel som var dei David, og reknar instrumenta hans som sine. 6 Dei drikk vin av offerskåler og salvar seg med den finaste olje, men lid ikkje under Josefs samanbrot. 7 Difor skal dei no drivast i eksil, fremst mellom dei bortførte. Då blir det slutt på festsamlingane der dei ligg og dreg seg. Gud straffar Samaria 8 Herren Gud har svore ved seg sjølv, seier Herren, allhærs Gud: Eg avskyr Jakobs byrgskap og hatar borgene der. Eg utleverer byen og alt som er i han. 9 Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy. 10 Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset, spør han den som er inst i huset: «Er det fleire att hos deg?» Og han svarar: «Nei, ingen.» Då seier han: «Hysj!» for Herrens namn må ikkje nemnast. 11 Sjå, Herren byd, og han slår det store huset i knas og det vesle huset i bitar. 12 Spring vel hestar opp bratte fjellet, pløyer ein det med oksar? Men de gjer retten om til gift og rettferds frukt til malurt. 13 De gleder dykk over Lo-Dabar og seier: «Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.» 14 Sjå, no reiser eg eit folk mot deg, Israels hus, seier Herren, allhærs Gud. Dei skal undertrykkja dykk frå Lebo-Hamat til Araba-bekken. |
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.
Norwegian Bible Society