Amos 3 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011Utveljing og ansvar 1 Høyr dette ordet som Herren talar mot dykk, de israelittar, mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt: 2 Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle slektene på jorda. Difor vil eg straffa dykk for alle syndene dykkar. Profetkallet tvingar 3 Går vel to i lag utan å ha ein avtale? 4 Brøler vel løva i skogen utan å ha eit bytte? Knurrar ungløva i hòla utan å ha fanga noko? 5 Fell vel fuglen til jorda utan at ei felle er sett opp? Sprett snara frå marka utan at ho har fanga noko? 6 Gjallar hornet i byen utan at folket skjelv? Skjer det ei ulukke i byen utan at Herren har gjort det? 7 Nei, Herren Gud gjer ikkje noko utan å openberra sitt løynde råd for tenarane sine, profetane. 8 Løva brøler – kven blir ikkje redd? Herren Gud talar – kven blir ikkje profet? Dom over Samaria 9 Lat det høyrast over borgene i Asjdod og over borgene i Egypt, og sei: Kom saman på fjella kring Samaria! Sjå den store forvirringa hos henne og undertrykkinga i byen! 10 Dei veit ikkje å gjera det rette, seier Herren. Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine. 11 Difor seier Herren Gud: Fienden skal omringa landet, riva ned festninga di, borgene skal plyndrast. 12 Så seier Herren: Som gjetaren bergar to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet, slik skal israelittane bergast, dei som sit i sofahjørne i Samaria og på divanar i Damaskus. 13 Høyr og ver vitne mot Jakobs hus! seier Herren Gud, allhærs Gud. 14 Ja, den dagen eg straffar Israel for syndene deira, lèt eg straffa råka altara i Betel. Altarhorna blir hogne av og fell til jorda. 15 Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshus skal gå til grunne og store bygningar siga i røys, seier Herren. |
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.
Norwegian Bible Society