Salmane 6 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorskNaudrop til Gud 1 Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein Davids- salme. 2 Herre, refs meg ikkje i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme! 3 Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, eg er djupt forfærd. 4 Mi sjel er gripen av redsle. Kor lenge, Herre? 5 Herre, vend deg hit og fri meg ut, frels meg i di miskunn! 6 For ingen av dei døde kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket? 7 Eg er trøytt av å sukka, med tårer væter eg mi lege, eg græt kvar natt, så senga er våt. 8 Mitt auga er sløvt av bitter sorg og dimt av all den motstand eg møter. 9 Vik frå meg, alle ugjerningsmenn, for Herren har høyrt min gråt. 10 Herren høyrde då eg trygla og bad, han har teke imot mi bøn. 11 Alle mine fiendar skal verta til skammar. Dei skal gripast av redsle og brått snu om med skam. |
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society