Online Bible

- Reklamy -

Salmane 4 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Kveldssong

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein Davids-salme.

2 Når eg ropar, så svar meg, du Gud som er mi rettferd. I nauda fann du utveg for meg. Ver meg nådig, og høyr mi bøn!

3 De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge vil de elska fåfengd og jaga etter lygn og svik? Sela

4 Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer når eg ropar til han.

5 Skjelv av redsle og synda ikkje meir, tenk dykk om på lega, og ver stille! Sela

6 Ber fram dei rette offer, og set dykkar lit til Herren!

7 Det er mange som seier: «Gjev vi fekk oppleva lukke! Lat ljoset frå ditt åsyn skina over oss, Herre!»

8 Du gjev meg større glede i hjarta enn dei andre har når dei får korn og vin i mengd.

9 I fred vil eg leggja meg ned og sova. For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy