Salmane 3 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorskHerren held meg oppe 1 Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin. 2 Herre, kor talrike mine fiendar er! Mange er dei som reiser seg mot meg. 3 Mange er dei som seier om meg: «Det er ikkje frelse for han hjå Gud.» Sela 4 Men du er eit skjold for meg, Herre, du er mi ære, du lyfter mitt hovud. 5 Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg frå sitt heilage fjell. Sela 6 Eg la meg ned og sovna – og vakna, for Herren held meg oppe. 7 Eg er ikkje redd om ti tusen mann fylkar seg mot meg på alle kantar. 8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud! For du slår alle mine fiendar på kinnet og knuser tennene på dei vonde. 9 Hjå Herren er det frelse. Lat di signing kvila over ditt folk! Sela |
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society