Online Bible

- Reklamy -

Obadja 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Domen over Edom

1 Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom: Ei tidend har vi høyrt frå Herren, eit bod er sendt ut mellom folka: «Stå opp, lat oss reisa oss til strid mot Edom!»

2 Sjå, liten gjer eg deg mellom folka, djupt vanvørd skal du vera.

3 Ditt hjartans hovmod har narra deg, du som bur i bergrivner og har ditt tilhald i høgdene, du som tenkjer med deg sjølv: Kven kan støyta meg til jorda?

4 Om du byggjer høgt som ørna, ja, legg ditt reir mellom stjernene, så vil eg støyta deg ned derifrå, lyder ordet frå Herren.

5 Om det kom tjuvar til deg eller røvarar om natta – å, kor du vert herja – ville dei då stela meir enn dei trong? Om du hadde folk til å hausta din vingard, så leivde dei vel til ei ettersanking.

6 Å, kor dei har ransaka Esau, leita opp hans løynde skattar!

7 Dei du var i pakt med, driv deg heilt til grensa. Folk du hadde fred med, har svikta deg; dei har fått overtaket på deg. Dei som åt av ditt brød, har sett snarer for deg og seier: «Det finst ikkje vit i han.»

8 Den dagen vil eg sanneleg rydja ut dei vise or Edom og dei kloke frå Esaus fjell, lyder ordet frå Herren.

9 Dine krigarar, Teman, skal lamast av redsle, kvar einaste mann skal drepast og rydjast bort frå Esaus fjell.

10 For ditt valdsverk mot Jakob, bror din, skal du sveipast i skam. Du skal rydjast ut for alltid.

11 Den dagen du heldt deg borte, den dagen framande røva hans gods, då utlendingar gjekk inn i hans port og kasta lodd om Jerusalem, då var du òg som ein av dei.

12 Du skulle ikkje ha sett med glede på bror din då ulukka råka han, ikkje gledt deg over judearane den dagen dei gjekk til grunne, og ikkje bruka så store ord den tid dei var i naud.

13 Du skulle ikkje ha trengt inn i porten åt mitt folk på ulukkedagen. Du skulle slett ikkje ha gledt deg over det dei leid den dagen, og ikkje rett handa ut etter rikdomen deira den usæle dagen.

14 Du skulle ikkje ha stått ved vegskila og hogge ned dei som prøvde å koma unna, og ikkje gjeve i fiendehand dei som slapp frå det den dagen folket var i naud.

15 For Herrens dag er nær over alle folkeslag; som du har gjort, skal det gjerast med deg. Di åtferd kjem att på ditt eige hovud.


Israels atterreising

16 Som de drakk på mitt heilage fjell, skal kvart folkeslag alltid drikka. Dei skal drikka i fulle drag og verta som om dei aldri hadde vore til.

17 Men på Sion-fjellet skal dei halda til, dei som har sloppe unna, og det skal vera ein heilagdom. Jakobs ætt skal ta att sin eigedom.

18 Jakobs ætt skal verta ein eld og Josefs ætt ein loge. Men Esaus ætt skal verta til halm, som vert sett i brann og øydd. Av Esaus ætt vert ingen att. Herren har tala.

19 Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.

20 Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.

21 Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy