Online Bible

- Reklamy -

Mika 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk

1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.


Herren openberrar seg til dom

2 Høyr, alle de folkeslag! Lyd etter, du jord og alt som på deg er! Herren Gud skal vitna mot dykk, vitna frå sitt heilage tempel.

3 Sjå, Herren går ut frå sin bustad, stig ned og skrid fram over høgdene på jorda.

4 Fjella brånar under han, og dalane rivnar, som voks når det brånar i eld, som vatn når det renn utfor stup.

5 Alt dette hender fordi Jakob har falle frå, fordi Israel har synda. Kva er så Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kva er Judas synd? Er det ikkje Jerusalem?

6 Men eg skal gjera Samaria til ei steinrøys og marka i byen til vingardsjord. Eg velter steinane ned i dalen og legg byens grunnvollar berre.

7 Alle gudebileta der skal knusast og horegåvene brennast i eld, avgudsbileta gjer eg til inkjes. Med horeløn er dei samla, og til horeløn skal dei verta.


Klage over byane i Juda

8 Difor må eg klaga og jamra, gå berrføtt og naken ikring, klaga som sjakalen og jamra som strutsen.

9 For Juda har fått eit slag, og såret er ulækjande. Det har nått til porten åt mitt folk, heilt til Jerusalem.

10 Fortel ikkje dette i Gat! Hald opp med gråt og skrik! Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!

11 Far nakne og vanæra bort, de som bur i Sjafir! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut. Klageropa i Bet-Haesel riv grunnen bort under dykk.

12 Korleis kan folket i Marot venta seg noko godt, når ulukke frå Herren slår ned ved Jerusalems port?

13 Spenn hestane for vogna, de Lakisj-buar! De vart opphav til Sions synd. Hjå dykk er Israels fråfall å finna.

14 Lat Moresjet-Gat få avskilsgåve! Som ein sviktande bekk er husa i Aksib for Israels kongar.

15 Endå ein gong sender eg mot dykk, de Maresja-buar, ein som skal leggja dykk under seg. Han kjem til Adullam, Israels prydnad.

16 Klypp deg snau, rak håret av i sorg over borna dine! Gjer hovudet snautt som eit gribbehovud, for dei er førte bort ifrå deg!

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy