Malaki 4 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk1 Sjå, dagen kjem, han brenn som ein omn. Alle frekke og gudlause skal då vera som halm, og dagen som kjem, skal brenna dei opp, seier Herren, Allhærs Gud, så korkje rot eller grein vert att. 2 Men for dykk som har age for mitt namn, skal rettferdssola renna med lækjedom under sine venger. De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar når dei slepp or fjøset. 3 Då skal de trakka ned dei gudlause, dei skal vera som støv under sólane dykkar den dagen eg gjer mitt verk, seier Herren, Allhærs Gud. Formaning og lovnad 4 Kom i hug lova åt Moses, tenaren min, den eg gav han på Horeb for heile Israel, både føresegner og domsreglar. 5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk før Herrens dag kjem, den store og skræmande. 6 Han skal venda fedrehjarto til borna og barnehjarto til fedrane, så eg ikkje skal koma og bannstøyta landet. |
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society