Online Bible

- Reklamy -

Malaki 2 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Herrens dom over prestane

1 Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:

2 Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk dette på hjarta, så de ærar mitt namn, seier Herren, Allhærs Gud, så sender eg forbanning mot dykk. Eg gjer di velsigning om til forbanning, ja, eg gjer henne til forbanning fordi de ikkje tek dette til hjarta.

3 Sjå, eg vil truga ætta dykkar. Avfall av offerdyr etter høgtidene dykkar kastar eg i andletet på dykk, og med det skal de berast bort.

4 Då skal de skjøna at det er eg som har sendt dykk dette bodet, så mi pakt med Levi kan stå ved lag, seier Herren, Allhærs Gud.

5 Mi pakt med han gav liv og fred, og det gav eg han så han skulle ottast. Han ottast meg og hadde age for mitt namn.

6 Påliteleg rettleiing var i hans munn, og det fanst ikkje svik på hans lipper. Han ferdast med meg i fred og rettferd og berga mange frå syndeskuld.

7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap, frå hans munn skal folk be om rettleiing, for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.

8 Men de har vike av frå vegen og fått mange til å falla med den rettleiing de har gjeve. Levi-pakta har de brote, seier Herren, Allhærs Gud.

9 Difor har eg gjort dykk vanvørde og små for heile folket, for de aktar ikkje på mine vegar, men gjer skil på folk når de gjev rettleiing om min vilje.


Herren vil ikkje vita av skilsmål

10 Har vi ikkje alle same far, den eine Gud som har skapt oss? Kvifor er vi då trulause mot kvarandre og vanhelgar våre fedrars pakt?

11 Juda har bore seg trulaust åt, stygge ting har dei gjort i Israel og Jerusalem. Ja, Juda har vanhelga den heilagdomen Herren elskar, og gift seg med ei kvinne som dyrkar framande gudar.

12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt kvar ætling av den som gjer slikt, jamvel om han ber fram offergåver til Herren, Allhærs Gud.

13 Og dette er det andre de gjer: De dekkjer Herrens altar med tårer, gråt og sukkar. Men han vil ikkje lenger sjå på gåva eller ta imot dykkar offer med glede.

14 Og de spør: «Kvifor?» Fordi Herren er vitne i saka mellom deg og din ungdoms kone. Du har vore utru mot henne, endå ho er ektemaken din som du er bunden til med pakt.

15 Er det ikkje éin som har skapt henne både med lekam og ånd? Og kva vil så den eine ha? Born som høyrer Gud til. Så akta dykk vel i sjel og hug! Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!

16 Eg vil ikkje vita av skilsmål, seier Herren, Israels Gud, og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd, seier Herren, Allhærs Gud. Så akta dykk vel i sjel og hug at de ikkje er trulause.


Når Herren kjem

17 De har trøytta Herren med orda dykkar. De spør: «Kva er det vi har trøytta han med?» De seier at alle som gjer vondt, er gode i Herrens augo, ja, at han har hugnad i dei. Eller de spør: «Kvar er Gud som dømer?»

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy