Joel 2 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorskHerrens dag 1 Blås i horn på Sion, lyft hærrop på mitt heilage fjell, så alle i landet skjelv av redsle. For Herrens dag er nær, han kjem, 2 ein dag med mørker og dimme, ein dag med skyer og skodd. Det kjem eit stort og mektig folk og breier seg som morgonroden på fjellet. Det har aldri hatt sin like og skal heller ikkje få det frå ætt til ætt i alle år. 3 Framføre det et elden opp, og bakom sleikjer logen. Framføre er landet som hagen i Eden, og bakom ligg ei livlaus øydemark; ingen bergar seg unna. 4 Som hestar er folket å sjå til, som hingstar fer dei fram. 5 Dei tråvar over åsryggene liksom larmande vogner, lik eld som sprakar i halmen, lik ein veldig hær som er budd til strid. 6 Folkeslag skjelv for dei, kvart andlet er eldande raudt. 7 Som krigarar rusar dei fram, som stridsmenn stormar dei murar. Kvar ein går strake vegen og bøyer ikkje av frå stigen. 8 Ingen trengjer den andre bort, kvar mann held sin plass. Dei rusar fram mellom kastespyd og lèt seg ikkje stogga. 9 Dei fer inn i byen, dei stormar opp på muren, dei trengjer inn i husa. Gjennom vindauga går dei som tjuvar. 10 Jorda skjelv framføre dei, og himmelen skjek. Sol og måne svartnar, og stjernene misser sin glans. 11 Herren lyfter si røyst framfor fylkingen han fører; for veldig er hans hær og mange dei som lyder hans ord. Ja, stor og skræmande er Herrens dag, kven kan halda han ut? Vend om, for Gud er nådig! 12 Men jamvel no, lyder ordet frå Herren, vend om til meg av heile dykkar hjarta, med faste og gråt og klage! 13 Riv ikkje kleda sund, men lat angeren riva i hjarta! Vend om til Herren dykkar Gud! For han er nådig og mild, langmodig og rik på miskunn; han kan endra sin plan så han ikkje lèt ulukka koma. 14 Kanskje snur han om og endrar sin plan og legg velsigning etter seg – grødeoffer og drikkoffer for Herren dykkar Gud. 15 Blås i horn på Sion, lys ut ei faste og kunngjer høgtidssamling! 16 Kall folket saman og vigsla lyden, lat dei gamle samlast, ta småborn og spedborn med! Lat brudgomen gå ut or sitt rom og brura ut or sitt kammer! 17 Mellom forhall og altar skal prestane, Herrens tenarar, gråta og seia: «Herre, spar ditt folk! Gjer ikkje din eigedom til spott, lat ikkje framande råda over dei! Kvifor skal dei seia mellom folka: Kvar er deira Gud?» 18 Då vart Herren fylt med brennhug for sitt land og viste medkjensle med sitt folk. 19 Og Herren svara sitt folk: Eg sender dykk korn og vin og olje, så de kan mettast. Aldri meir skal eg gjera dykk til spott mellom folka. 20 Fienden frå nord vil eg driva langt bort frå dykk og jaga han til eit turt og øyde land, hans fortropp til havet i aust, hans baktropp til havet i vest. Tev og vond lukt skal stiga opp frå han, for han sette seg føre å gjera storverk. 21 Ver ikkje redd, du åkerjord, fagna deg og ver glad! For Herren gjer storverk. 22 Ver ikkje redde, de dyr på marka, for beita i øydemarka grønkast, og trea gjev si frukt, fikentre og vintre ber rikt. 23 Fagna dykk, de Sions søner, gled dykk i Herren dykkar Gud! For i rettferd gjev han dykk haustregn, han sender dykk regn, haustregn og vårregn som før. 24 Kvar treskjevoll fyllest med korn, pressekummane fløymer med druesaft og olje. 25 Eg gjev dykk att for dei år då grashoppesvermen herja, og larva, gnagaren og åma, min store hær som eg sende mot dykk. 26 De skal eta og mettast og prisa namnet åt Herren dykkar Gud. For han steller underfullt med dykk, og folket mitt skal aldri verta til skammar. 27 De skal merka at eg er hjå Israel. Eg og ingen annan er Herren dykkar Gud, og folket mitt skal aldri verta til skammar. |
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society