Online Bible

- Reklamy -

Jesaja 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk

1 Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda.


Klage over Israels fråfall

2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord! For Herren talar: Born har eg ale og fostra, men dei har sett seg opp mot meg.

3 Ein okse kjenner sin eigarmann, og eit esel krubba åt herren sin. Men Israel kjenner ingen ting, mitt folk er utan skjøn.


Ve det syndige folket!

4 Ve det syndige folket, det skuldtyngde folket, ætlingar av illgjerdsmenn, søner som ber seg ille åt! Dei har gått bort frå Herren, vanvørdt Israels Heilage og snutt ryggen til han.

5 Kvi vil de ha endå meir slag, sidan de atter og atter fell frå? Kvart hovud er sårt, og kvart hjarta er sjukt.

6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt, berre flengjer og flerrer og nyhogne sår, som ikkje er reinsa og fetla og ikkje bløytte med olje.

7 Landet er ei øydemark, byane er brende, og framande et opp jorda beint framfor augo på dykk. Alt ligg i øyde, som når framande har herja.

8 Berre Sions dotter er att som ei lauvhytte i ein vingard, som eit vaktarskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.

9 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud, late nokre av oss sleppa unna, då var vi som Sodoma, vi såg ut som Gomorra.


Ikkje gagnlause offer, men lydnad

10 Høyr Herrens ord, de Sodoma-hovdingar! Lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!

11 Kva skal eg med alle dykkar slaktoffer? seier Herren. Eg er mett av brennoffer av verar og av feitt frå gjøkalvar. Og blod av oksar og lam og bukkar har eg ikkje hug på.

12 Når de kjem fram for mitt åsyn, kven krev då av dykk at de skal trakka ned mine tempelgardar?

13 Kom ikkje meir med gagnlause gåver! Offerrøyken er ein styggedom for meg. Nymåne og sabbat, lysing til stemner – eg toler ikkje vondskap og høgtid saman.

14 Eg hatar dykkar nymånedagar og høgtider. Dei har vorte meg ei bør, som eg er trøytt av å bera.

15 Når de breier ut hendene, gøymer eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod.

16 Vaska dykk, reinsa dykk! Få dykkar vonde gjerningar bort frå augo mine! Hald opp med å gjera det som vondt er!

17 Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er! Vis valdsmannen den vegen han skal gå, hjelp den farlause til hans rett, ta dykk av enkjers sak!


Guds tilbod om nåde

18 Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren. Om syndene dykkar er som purpur, skal dei verta kvite som snø; om dei er raude som skarlak, skal dei verta kvite som ull.

19 Er de viljuge og lyder, skal de få eta det gode i landet.

20 Men er de uviljuge og trassige, skal de verta oppetne av sverd. Dette er ordet frå Herrens munn.


Jerusalem skal dømast og reinsast

21 Å, at den trufaste byen skulle verta ei skjøkje! Full av rett var han, rettferd budde der inne, men no – mordarar!

22 Sølvet ditt har vorte til slagg, vinen din er blanda med vatn.

23 Dine styresmenn er opprørarar, dei held lag med tjuvar. Alle elskar dei muter og jagar etter gåver. Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett, og enkjers sak tek dei seg ikkje av.

24 Difor seier Herren, Allhærs Gud, Israels Veldige: Ve, eg vil sløkkja harmen min på mine motstandarar og hemna meg på mine fiendar!

25 Eg vil venda mi hand imot deg, reinsa ut ditt slagg som med lut og skilja ut alt ditt bly.

26 Så vil eg atter gje deg domarar som dei du hadde før, og rådgjevarar som i den fyrste tid. Sidan skal du kallast Rettferdsby og Truskapsstad.

27 Ved rett skal Sion løysast ut, ved rettferd dei som vender om.

28 Men brotsmenn og syndarar skal knusast, dei som vender seg frå Herren, skal gå til grunne.

29 Ja, de skal få skam av eikene som de har slik hugnad i, og vanære av dei heilage lundane som de held så gjæve.

30 De skal verta som ei eik med vise lauv og som ein hage utan vatn.

31 Den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste; begge skal brenna, og ingen sløkkjer.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy