Online Bible

- Reklamy -

Hosea 14 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk

1 Samaria skal bøta, fordi folket i byen var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, deira småborn skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.


Eg vil lækja deira fråfall

2 Vend om, Israel, til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall.

3 Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: «Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong med våre lipper!

4 Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause miskunn.»

5 Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg frå dei.

6 Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea på Libanon.

7 Hans renningar skal breia seg utover, han skal vera fager som oliventreet og anga som skogen på Libanon.

8 Atter skal dei bu i min skugge, endå ein gong skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå Libanon.

9 Kva skal Efraim med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han og sjå til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.

10 Kven er så klok at han skjønar dette, så vitug at han merkar seg det? Ja, Herrens vegar er rette, dei rettferdige ferdast på dei, men illgjerdsmennene snåvar.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy