Online Bible

- Reklamy -

Høgsongen 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk

1 Salomos høgsong.


Lengt etter kjærleik

2 Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin.

3 Ljuvleg er dåmen av dine salvar; ein angande salve er ditt namn, difor held møyane av deg.

4 Ta meg med! Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg inn i sin kove. Vi vil fegnast og gleda oss over deg og prisa din kjærleik meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg.


Svart, men ven

5 Svart er eg, men ven, de Jerusalems møyar, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjelddukar.

6 Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene åt mor mi harmast på meg, dei sette meg til å vakta vingardane. Min eigen vingard har eg ikkje vakta.


Kvar gjæter du di hjord?

7 «Sei meg, du som eg har så kjær, kvar gjæter du di hjord? Kvar lèt du henne kvila ved middagstid? Kvi skal eg gå som ei kvinne med slør der venene dine gjæter si hjord?»

8 «Veit du det ikkje, du fagraste av kvinner, så fylg berre faret etter flokken, og lat dine kje få beita innmed hyrdingbuene!»


Kor fager du er, min hugnad!

9 «Med folane for faraos vogner vil eg likna deg, min hugnad.

10 Vene er dine kinn, prydde med band, og din hals med perler.

11 Lekkjer av gull skal vi laga deg og med sølvperler på.»

12 Ljuvleg angar min nardussalve så lenge kongen er med i laget.

13 Min ven er lik myrrabunten som kviler ved min barm.

14 Min ven er som ein blømande kvist på hennabusken i En-Gedis hagar.

15 «Kor fager du er, min ven, ja, fager med augo som duer!»

16 «Kor fager du er, min ven, kor yndefull du er! Og vårt lægje er grornæmt og grønt.

17 Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.»

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy