Online Bible

- Reklamy -

Amos 7 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Syner om Israels undergang

1 Dette synet lét Herren Gud meg sjå: Han skapte grashopper då håa tok til å veksa; det var håa etter kongens slått.

2 Då dei hadde ete opp alt graset i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

3 Då endra Herren sitt forsett. «Det skal ikkje henda,» sa Herren.

4 Dette synet lét Herren Gud meg sjå: Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store havdjupet og heldt på å eta opp landjorda.

5 Då sa eg: «Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»

6 Då endra Herren sitt forsett. «Heller ikkje det skal henda,» sa Herren Gud.

7 Dette synet lét han meg sjå: Herren stod på ein mur, og i handa hadde han eit blylodd.

8 Og Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: «No senkar eg loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ha tol med det.

9 Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd mot Jeroboams hus.»


Amos vert bortvist frå Betel

10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.

11 For Amos har sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og israelittane skal førast bort som fangar frå sitt land.»

12 Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.

13 I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»

14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet og ikkje profetsvein. Eg er gjætar og dyrkar morbærfiken.

15 Men Herren tok meg bort frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, mitt folk!»

16 Så høyr no Herrens ord: Du seier: «Tal ikkje profetord mot Israel, og preik ikkje mot Isaks ætt!»

17 Difor seier Herren: Kona di skal driva utukt i byen, dine søner og døtrer skal falla for sverd, di jord skal mælast ut til andre, du sjølv skal døy på urein grunn, og Israel skal førast bort frå sitt land.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy