Online Bible

- Reklamy -

Amos 5 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Klagesong over Israel

1 Høyr dette ordet, Israels ætt, ein klagesong som eg syng om deg!

2 Ho er fallen og reiser seg aldri meir, Israel, den unge møy. Ho ligg der bortslengd på si jord, og ingen reiser henne opp.

3 For så seier Herren Gud: Den byen som sender ut tusen mann, får berre hundre att, og den som sender ut hundre mann, får berre ti att – i Israels ætt.


Søk Herren, så skal de leva!

4 Så seier Herren til Israels ætt: Søk meg, så skal de leva!

5 Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be'er-Sjeba! For folket i Gilgal skal førast bort, Betel skal verta uhyggjeleg audt.

6 Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld over Josefs ætt; elden øyder, og det er ingen i Betel til å sløkkja.


Dom over stormenn som gjer urett

7 Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda.

8 Han som skapte Sjustjerna og Orion, han som gjer stummande mørker til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.

9 Han lèt undergang lyna over borger, lèt festningar siga i røys.

10 Dei hatar menn som hevdar retten på tinget, og styggjest ved dei som talar sant.

11 De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor skal de ikkje få bu i dei hus de har bygt av tilhoggen stein, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardar de har planta.

12 For eg veit at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal, de som forfylgjer skuldlaust folk, lèt dykk kjøpa for pengar og driv fattigfolk bort frå retten.

13 Difor teier den kloke i denne tid; for ei vond tid er det.


Legg vinn på det gode!

14 Legg vinn på det gode og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.

15 Hata det vonde og elska det gode, hald retten høgt på tinget! Så vil kanskje Herren, Allhærs Gud, vera nådig mot Josefs rest.


Sorg og klage

16 Difor seier Herren, Herren, Allhærs Gud: På alle torg skal lik-klage lyda, i alle gater skal dei ropa: «Ve!» Dei skal henta bonden til syrgjehøgtid, senda bod på folk som kan gråta og klaga.

17 I alle vingardar skal dei jamra når eg skrid fram imellom dykk, seier Herren.


Herrens dag

18 Ve dykk som lengtar etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos.

19 Det er som når ein mann rømer frå ei løve og møter ein bjørn; og kjem han heim og stør handa til veggen, vert han biten av ein orm.

20 Ja, mørk er Herrens dag og ikkje ljos, kolmørk er han og utan ljoske.

21 Eg hatar og styggjest ved festane dykkar, stemnene dykkar byd meg imot.

22 For om de ber fram brennoffer eller grødeoffer, så bryr eg meg ikkje om dei. Og dykkar måltidsoffer med gjøkalvkjøt ser eg ikkje på.

23 Lat meg sleppa dine ståkande songar, eg vil ikkje høyra ditt harpespel!

24 Lat retten vella fram som vatn, og rettferd lik bekker som aldri turkar.

25 Bar de fram for meg slaktoffer og grødeoffer dei førti åra i øydemarka, du Israels ætt?

26 Og bar de Sakkut, kongen dykkar, og Kevan, stjerna åt guden dykkar, bileta som de har laga?

27 Eg fører dykk i fangenskap til landet bortanfor Damaskus, seier Herren – Allhærs Gud er hans namn.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy