Online Bible

- Reklamy -

Amos 3 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Utveljing og ansvar

1 Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, de Israels søner, mot heile den ætta som eg førte opp frå Egyptarlandet:

2 Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle folk på jorda. Difor krev eg dykk til rekneskap for alle syndene dykkar.


Kallet tvingar

3 Går vel to i lag når dei ikkje har vorte samde om det?

4 Brøler løva i skogen når ho ikkje har funne rov? Brummar ungløva i hola si når ho ikkje har fanga noko?

5 Fell ein fugl i ei snare på marka når ingen har sett ei snare for han? Sprett ei felle opp frå marka utan at ho har fanga noko?

6 Gjallar vel hornet i ein by utan at folket skjelv av redsle? Eller hender det ei ulukke i byen utan at Herren har gjort det?

7 For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openberra sitt råd for tenarane sine, profetane.

8 Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Herren Gud har tala, kven må ikkje då tala profetord?


Domen over Samaria

9 Rop ut over borgene i Asjdod, over slotta i Egypt, og sei: Kom saman på Samaria-fjella! Sjå redsla og rådløysa i byen og den valdsferd som der rår!

10 Dei har ikkje vit til å gjera det rette, lyder ordet frå Herren, dei dyngjer opp vald og ran i sine slott.

11 Difor seier Herren Gud: Fiendar skal kringsetja landet, di sterke festning skal rivast ned, og borgene skal plyndrast.

12 Så seier Herren: Som når ein gjætar bergar ut or løvegapet to leggbein eller ein øyrelapp, så skal israelittane verta berga, dei som sit i sofakroken i Samaria og på divanar i Damaskus.


Straffa kjem over hus og heilagdom

13 Høyr og vitna mot Jakobs ætt! lyder ordet frå Herren Gud, Allhærs Gud.

14 Den dagen eg krev Israel til rekneskap for syndene deira, lèt eg straffa koma over altara i Betel. Då vert altarhorna avhogne og fell til jorda.

15 Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshusa vert øydelagde, og mange bygningar sig i røys, lyder ordet frå Herren.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy