Online Bible

- Reklamy -

Amos 2 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk

1 Så seier Herren: For tre ugjerningar Moab har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei brende Edom-kongens bein til kalk.

2 Men eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene i Kerijot. Moabittane skal døy i stridsgny, medan hærrop lyder og horn gjallar.

3 Eg rydjar ut han som styrer i landet, og drep alle hovdingar saman med han, seier Herren.


Domen over Juda og Israel

4 Så seier Herren: For tre ugjerningar Juda har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei vanvørde Herrens lov og heldt ikkje hans føreskrifter, men lét seg føra vilt av lygngudane, som fedrane deira hadde fylgt.

5 Men eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene i Jerusalem.

6 Så seier Herren: For tre ugjerningar Israel har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei sel rettferdige for pengar og fattigfolk for eit par skor.

7 Dei trakkar småkårsfolks hovud i støvet og trengjer dei hjelpelause bort frå vegen. Ein mann og far hans går til same jenta og vanhelgar såleis mitt heilage namn.

8 Dei strekkjer seg på pantsette klede attmed kvart altar, og vin som dei har teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.

9 Og det var då eg som rudde ut amorittane for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta ovantil og røtene nedantil.

10 Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka i førti år, så de kunne ta amorittlandet i eige.

11 Eg gjorde nokre av sønene dykkar til profetar og nokre av unggutane dykkar til nasirearar. Er det ikkje så, de israelittar? lyder ordet frå Herren.

12 Men de gav nasirearane vin å drikka og forbaud profetane å forkynna.

13 Sjå, no lèt eg grunnen skaka under dykk som under ei vogn full av korn.

14 Den lettføtte finn ikkje livd, den sterke får ikkje bruka si kraft, og krigaren bergar ikkje sitt liv.

15 Bogeskyttaren held ikkje stand, den som er lett på foten, kjem ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet.

16 Den djervaste av krigarane skal røma naken den dagen, lyder ordet frå Herren.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy