Salmane 6 - Norsk oversettelse 1938 nynorskDavid er komen i stor naud for fiendane skuld og ser i det eit merke på at Gud er harm på han av di han hev synda; han bed um nåde og frelsa, 2-8, og segjer seg viss på at Herren hev høyrt bøni hans, og at alle fiendane hans skal verta til skammar, 9-11. 1 Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David. / 2 Herre, refs meg ikkje i din vreide og tukta meg ikkje i din harm! 3 Ver meg nådig, Herre! for eg er burtvisna. Læk meg, Herre! for mine bein er forfærde, 4 og mi sjel er storleg skjelvredd; og du, Herre, kor lenge? 5 Vend deg um att, Herre, fria ut mi sjel, frels meg for di miskunn skuld! 6 For i dauden kjem ingen deg i hug; kven vil prisa deg i helheimen? 7 Eg er trøytt av mine sukkar; eg bløyter mi seng kvar natt, med mine tåror væter eg mitt lægje. 8 Mitt auga er upptært av hugverk; det er gamalt vorte for alle mine fiendar skuld. 9 Vik ifrå meg, alle de som gjer urett! For Herren hev høyrt mitt gråtmål. 10 Herren hev høyrt mi naudbeding, Herren tek imot mi bøn. 11 Alle mine fiendar skal verta skjemde og storleg forfærde; dei skal vika attende, verta skjemde i ein augneblink. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society