Online Bible

- Reklamy -

Salmane 4 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


David bed Herren høyra bøni hans og hjelpa han mot fiendane hans, 2. Han manar fiendane til å halda upp med åtaki sine; for han er den som Herren hev kåra, 3.4; dei skal vera stille, tena Herren med ærleg hug og lita på han, 5.6. Sjølv lit han på Herren, hev ei gleda i han som er større enn deira timelege gleda, og er trygg i hans varetekt, 7-9.

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2 Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg; ver meg nådig og høyr mi bøn.

3 De velduge menn! Kor lenge skal mi æra vera til spott? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4 Vit då at Herren hev kåra seg ein som er gudleg! Herren høyrer når eg ropar til han.

5 Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på lægjet dykkar og ver stille! Sela.

6 Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!

7 Mange segjer: Kven vil syna oss noko godt? Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!

8 Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikleg.

9 I fred vil eg både leggja meg ned og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy