Online Bible

- Reklamy -

Salmane 3 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


David klagar for di han hev mange fiendar, som dømer han fortapt, 2.3. Like vel er han trygg og ottelaus, av di han fyrr hev røynt Herrens nåde, 4-7; han bed at Gud vil hjelpa han framleides, 8-9.

1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.

2 Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.

3 Mange segjer til mi sjel: Det finst ikkje frelsa for han hjå Gud. Sela. /

4 Men du, Herre, er ein skjold ikring meg, mi æra og den som lyfter mitt hovud.

5 Eg ropa høgt til Herren, og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela.

6 Eg la meg ned og sovna, eg vakna upp; for Herren held meg uppe.

7 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.

8 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennene på dei ugudlege.

9 Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy