Salmane 2 - Norsk oversettelse 1938 nynorskFolki og kongane på jordi gjer fåfengt uppreist mot den som Herren hev salva (Messias, Kristus), 1-3. Herren lær åt dei, talar til dei i vreide og segjer at det er han sjølv som hev sett han til konge, 4-6. Den som Herren hev salva, kunngjer at Herren hev gjort han til sin son og gjeve han all makt yver jordi, 7-9. Difor skal upprørarane gjeva seg under han, 10-12. 1 Kvi ståkar heidningane, og kvi stilar folki på fåfengt verk? 2 Kongane på jordi reiser seg, og fyrstane legg råd saman imot Herren og den han hev salva: 3 Lat oss slita sund deira band og kasta deira tog av oss! 4 Han som tronar i himmelen, lær, Herren spottar dei. 5 So talar han til dei i sin vreide, og i sin harm skræmer han dei: 6 Og eg hev då sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell! 7 Eg vil kunngjera ei rådgjerd: Herren sa til meg: Du er min son, eg hev født deg i dag. 8 Krev av meg, so vil eg gjeva deg heidningane til arv og endane av jordi til eiga. 9 Du skal knasa dei med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra dei. 10 Og no, de kongar, far visleg fram! Lat dykk segja, de domarar på jordi! 11 Ten Herren med age, og fagna dykk med otte! 12 Kyss sonen, so han ikkje skal verta vreid, og de ganga til grunns på vegen! For hans vreide kunde lett kveikjast. Sæle er alle dei som flyr til han! / |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society