Salmane 1 - Norsk oversettelse 1938 nynorskSæla åt den gudlege, 1-3; den usæle lagnaden åt dei ugudelege, 4-6. 1 Sæl er den mann som ikkje gjeng i råd med ugudlege og ikkje stend på veg med syndarar og ikkje sit i sæte med spottarar, 2 men som hev si lyst i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. 3 Han er lik eit tre som er planta ved rennande bekker, som gjev si frukt i si tid, og som lauvet ikkje visnar på; og alt det han gjer, hev han lukka med. 4 Ikkje so er det med dei ugudlege; men dei er lik agner, som vinden føykjer burt. 5 Difor skal dei ugudlege ikkje standa seg i domen, og syndarar ikkje i samlingi av dei rettferdige. 6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society