Mika 1 - Norsk oversettelse 1938 nynorskMika, som spådde i dagane åt Jotam, Akas og Esekias, 1, forkynner at Herren skal koma til dom for di Israel og Juda og serleg hovudstadane deira, Samaria og Jerusalem, hev falle ifrå, 2-5. Domen skal fyrst og fremst råka Samaria, som skal verta reint øydelagt, 6-7, men derifrå breida seg ut yver Juda og; her skal han skrida fram frå nord mot sud og frå by til by og fylla folket med djup sorg yver at borni deira vert burtførde, 8-16. 1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moreset i dei dagane då Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem. 2 Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord med alt som på deg er! Og Herren, Israels Gud, vere vitne imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel! 3 For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og skrid fram yver høgdene på jordi. 4 Fjelli brånar under føtene hans, og dalane rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfor ein hamar. 5 Alt dette hender for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem? 6 So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein stad der dei dyrkar vin; eg vil velta steinane hennar ned i dalen og leggja grunnvollane hennar berre. 7 Alle dei utskorne bileti hennar vil eg krasa, alle horegåvone hennar vil eg brenna upp med eld, og alle gudebileti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla dei i hop, og til horeløn skal dei atter verta. 8 For dette vil eg jamra og øya, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil setja i med jammerskrik som sjakalane og med syrgjelåt som strussane. 9 For såri hennar let seg ikkje lækja; for ulukka er komi radt til Juda, ho hev nått radt til porten åt folket mitt, til Jerusalem. 10 Kunngjer det ikkje i Gat, gråt ikkje der! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi. 11 Far burt, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-Haesel gjer det rådlaust for dykk å stogga der. 12 For Marots-buane vrid seg i verk for lukka dei hev mist; for ulukka hev fare ned frå Herren, radt til porten i Jerusalem. 13 Spenn tråvaren for vogni, de Lakis-buar! Upphavet til syndi var du for Sions dotter; for hjå deg vart Israels synder funne. 14 Difor lyt du gjeva frå deg Moreset-Gat; husi i Aksib vert ein svikal bekk for Israels kongar. 15 Endå ein gong skal eg lata dykk få ein eigarmann, de Maresa-buar! Til Adullam skal Israels stormenner koma. 16 Raka deg snaud i kruna, klypp håret av, i sorg yver borni dine, som var din hugnad! Raka deg so du vert snaud som gribben, for dei er førde burt ifrå deg. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society