Online Bible

- Reklamy -

Malaki 2 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


Profeten refser prestane for di dei ikkje fer ærleg fram som federne deira gjorde, og hev brote den pakti Herren gjorde med Levi, og trugar dei med hard straff dersom dei ikkje vender um og ærar Herrens namn, 1-9; han forkynner og Herrens straff yver dei som skyt frå seg sine israelitiske konor og gifter seg med heidne kvinnor, 10-16, og refser dei som skuldar Gud for urettferd og spør etter Guds dom, 17.

1 Og no kjem dette bodet til dykk, prestar:

2 Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk det på hjarta, so de gjev mitt namn æra, segjer Herren, allhers Gud, so sender eg forbanningi mot dykk og forbannar velsigningane dykkar; ja, eg hev alt forbanna dei, av di de ikkje legg det på hjarta.

3 Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andletet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer; og dei skal kasta dykk sjølve uppi møki.

4 Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers Gud.

5 Den pakti eg hadde med han, lova honom liv og lukka; det gav eg han so han skulde ottast meg, og han ottast meg og skalv for mitt namn.

6 Sannings lov var i hans munn, og det fanst ikkje urett på lippone hans; fredsamt og ærleg ferdast han med meg, og han vende mange burt ifrå misgjerd.

7 For prestelippor skal gøyma på kunnskap, lovlæra ventar me av munnen hans; for han er sendebod frå Herren, allhers Gud.

8 Men de hev vike av frå vegen og fenge mange til å snåva i lovi; de hev skjemt ut Levi-pakti, segjer Herren, allhers Gud.

9 Difor hev eg gjort dykk vanvyrde og nedsedde for alt folket, av di de ikkje aktar på mine vegar, men gjer skil på folk for lovi.

10 Hev ikkje me EIN far alle saman? Hev ikkje EIN Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?

11 Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med døtterne åt ein framande gud.

12 Hjå den mannen som gjer slikt, skal Herren rydja ut or Jakobs tjeldbuer kvar levande sjel, og den som ber fram offergåvor til Herren, allhers Gud!

13 Og endå ein ting til gjer de: Yver Herrens altar legg de tåror og gråt og sukkar, so han ikkje ser på offergåva meir eller med hugnad tek imot noko av dykkar hand.

14 Og de spør: Korleis då? Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdoms-viv, henne som du hev vore utru imot, endå ho er ektemaken din og kona di som du hev gjort pakt med.

15 Men hev ikkje EIN gjort det og endå fenge leva? Men kva gjorde han, denne eine? Han vilde hava den ætti som Gud hadde lova han; men de skal taka vare på dykkar liv, og mot ditt ungdoms-viv må du ikkje vera utru!

16 For eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers Gud. So tak då vare på dykkar liv og ver ikkje utrue!

17 De hev trøytta Herren med dykkar ord, og de spør: Korleis hev me trøytta han? Jau, de segjer: Kvar den som gjer vondt, er god i Herrens augo, og han hev hugnad i slike folk, eller: Kvar er Gud, han som dømer?

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy