Online Bible

- Reklamy -

Josva 5 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


Alle kana'anitane fæler for Israel, 1. Israels-borni vert umskorne attmed Gilgal etter Herrens vilje, 2-9, og held påske der; dei fær ikkje manna til mat lenger, 10-12. Herrens engel syner seg for Josva, 13-15.

1 Alle amoritarkongane vestanfor Jordan og alle kana'anitarkongane utmed havet vart reint vitskræmde då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-borni medan me for yver, og dei torde ikkje lenger tenkja på å møta Israels-borni.

2 I det same belet sa Herren til Josva: Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-borni att!

3 So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-borni attmed Ha'aralothaugen.

4 Men at Josva laut umskjera dei, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptarland, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptarland.

5 No var alle dei som for frå Egyptarland, umskorne, men av dei som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.

6 For i fyrti år laut Israels-borni ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptarland, hadde døytt burt; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han dei til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7 Men i staden for dei let han borni deira veksa upp; dei var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.

8 Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.

9 Og Herren sa til Josva: I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi. Sidan hev den staden vore kalla Gilgal alt til denne dag.

10 Medan Israels-borni låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jerikomoane den fjortande dagen i månaden, um kvelden.

11 Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.

12 Same dagen traut manna; for no åt Israels-borni av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana'anslandet.

13 Medan Josva var innmed Jeriko, hende det han noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre han med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sa: Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?

14 Han svara: Nei, eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen. Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sa: Kva hev herren min å segja tenaren sin?

15 Då svara hovdingen yver Herrens her: Drag skoen av foten din! For den staden du stend på, er heilag. Og Josva gjorde so.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy