Hosea 14 - Norsk oversettelse 1938 nynorskProfeten manar til slutt Israel til å umvenda seg til Herren. Dersom dei gjer det, skal han taka dei til nåde att, lækja alle deira brester, lata dei bløma herleg på nytt og ausa ein rik fullnad av velsigning utyver dei, 2-9. Vel gjeng det den som tek til hjarta det som Herren hev tala gjenom profeten, 10. 1 Samaria skal bøta av di det hev vore trassigt mot sin Gud; for sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og barnkonone deira skal ristast upp. 2 Vend um, du Israel, til Herren din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall. 3 Kom med [audmjuke] ord og vend um til Herren! Seg til han: Forlat all misgjerning og tak imot det gode me kann gjeva - lat oss betala med uksar, med lippone våre! 4 Assur skal ikkje hjelpa oss, på hestar skal me ikkje rida, og me skal ikkje meir segja: Vår Gud! til det som hendene våre hev gjort. For det er hjå deg den farlause fær miskunn. 5 Eg vil lækja deira fråfall, eg vil elska dei av hjarta; for vreiden min hev vendt seg ifrå dei. 6 Eg skal vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilja, og røta seg skal han som Libanonskogen. 7 Renningane hans skal breida seg vidt utyver, det skal blenkja av lauvet som av oljetreet, og anga skal han som Libanon. 8 Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet; minnet um han skal vera som vin ifrå Libanon. 9 Efra'im! Kva skal eg med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han og sjå til han; eg er som ein grøn cypress, det skal syna seg at di frukt kjem frå meg. 10 Kven er so vis at han skynar dette, so vitug at han merkar seg det? For Herrens vegar er rette, og dei rettferdige ferdast på dei, men illgjerdsmenner snåvar der. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society