Online Bible

- Reklamy -

Hosea 1 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


Hoseas er profet i tidi frå Ussias til Esekias og talar serleg mot dei ti ættene, 1. Etter påbod frå Herren gifter han seg med ei horkvinna, som han fær tri born med; dei gjev han, like eins etter påbod frå Herren, namni Jisre'el, Lo-Ruhama og Lo-Ammi. Med dette vil Herren hava sagt at Israel, ektemaken hans, er utru mot han, og at han difor vil tyna riket, ikkje miskunna det meir og ikkje kjennast ved det lenger, 2-9. Like vel vil Herren ein gong taka det til nåde att, lata det aukast mykje, løysa ut både det og Juda og sameina dei båe til eitt folk. Desse lovnadene peikar mot Messias-tidi, 10-11; kap 2,1.

1 Herrens ord som kom til Hoseas, son åt Be'eri, i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, og då Jeroboam Joasson var konge i Israel.

2 Då Herren tok til å tala til Hoseas, sa han til han: Gakk av stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv hor og fylgjer ikkje lenger Herren.

3 Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer Dibla'imsdotter, og ho vart med barn og fødde han ein son.

4 Og Herren sa til han: Kalla han Jisre'el! For um eit lite bel vil eg lata huset hans Jehu lida for Jisre'els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus;

5 og den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jisre'elsdalen.

6 Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sa han til han: Kalla henne Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev dei.

7 Men Judas hus vil eg miskunna, og eg vil lata dei verta frelste ved Herren deira Gud; men eg vil ikkje frelsa dei med boge eller sverd eller krig, med hestar eller ridarar.

8 Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.

9 Då sa han: Kalla han Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.

10 Men like vel skal talet på Israels-borni verta som havsens sand, den som ikkje kann mælast eller teljast; og det skal ganga so, at på den staden der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal ein segja til dei: Borni åt den levande Gud.

11 Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og taka seg ein hovding og fara upp or landet; for stor er Jisre'els dag.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy