Domarane 12 - Norsk oversettelse 1938 nynorskEfra'imitane tek på Jefta, for di han ikkje hev teke dei med i striden mot ammonitane; Jefta vinn yver dei; han døyr, 1-7. Ibsan, Elon og Abdon styrer Israel, 8-15. 1 Efra'imitane baud ut mannskapet sitt og for nordetter, og dei sa til Jefta: Kvi sende du ikkje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitane? No vil me setja eld på huset du bur i. 2 Då sa Jefta til dei: Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitane; då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei; 3 og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet og for imot ammonitane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg? 4 So samla han alle Gileads-mennene og stridde mot Efra'im. Og Gileads-mennene hogg efra'imitane ned; for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efra'im! Gilead ligg midt i Efra'im, midt i Manasse. 5 Dei stengde vadi yver Jordan for efra'imitane, og kvar gong det kom ein efra'imit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: Er du efra'imit? Han svara: Nei. 6 Då sa dei til han: Seg sjibbolet! Men han sa sibbolet; for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei han og drap han innmed Jordanvadi. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efra'ims-ætti. 7 Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead og vart gravlagd i ein av Gileadsbyane. 8 Etter han var Ibsan frå Betlehem domar i Israel. 9 Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år. 10 So døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem. 11 Etter han var Elon av Sebulons-ætti domar i Israel. Han styrde Israel i ti år. 12 So døydde Elon av Sebulons-ætti og vart gravlagd i Ajalon i Sebulonslandet. 13 Etter han var Abdon Hillelsson frå Piraton domar i Israel. 14 Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år. 15 So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efra'imsland, på Amaleksfjell. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society