Amos 7 - Norsk oversettelse 1938 nynorskProfeten ser tvo syner: Den fyrste varslar at Herren vil tyna Israel heilt, og den andre at han vil gjera det same med Israel og heile folkeverdi; i båe synene fær han med si forbøn Herren til å spara folket sitt, 1-6. So ser han ei tridje syn, som like eins varslar at Israel skal ganga under. I denne syni segjer Herren han at han ikkje lenger vil spara folket, men tyna avguds-heilagdomane deira og lata Jeroboams hus døy for sverd, 7-9. Presten i Betel, Amasja, klagar Amos for Jeroboam og vil ikkje tola at han stend fram som profet i Israelslandet; profeten vitnar at Herren hev kalla han, og forkynner Herrens straff yver Amasja og huset hans, 10-17. 1 Denne syni let Herren, Israels Gud, meg sjå: Det var ein som skapte grashoppar, då håi tok til å koma; det var håi etter kongens slått. 2 Og då dei vel hadde ete upp kvart grasstrå i landet, då sa eg: Herre, Israels Gud, tilgjev! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er? 3 Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren. 4 So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Israels Gud, og han åt upp det store djupet og heldt på å eta odelslandet med. 5 Då sa eg: Herre, Israels Gud, haldt upp! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er? 6 Då angra Herren det. Ikkje dette heller skal henda, sa Herren, Israels Gud. 7 So let han meg sjå ei sovori syn: Herren stod på ein tverrbratt mur, og i handi hadde han eit blylodd. 8 Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg skal bruka eit blylodd millom Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd. 9 Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys, og mot Jeroboams hus vil eg risa upp med sverd. 10 Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: Amos hev fenge til ei samansverjing mot deg midt i Israels hus; landet kann ikkje tola all røda hans. 11 For so hev Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel verta burtført frå sitt land. 12 Og Amasja sa til Amos: Gakk din veg, du sjåar, fly til Judalandet! Der kann du eta ditt brød, og der kann du vera profet! 13 Men i Betel fær du ikkje lenger driva som profet; for det er kongeleg heilagdom og rikstempel. 14 Då svara Amos Amasja so: Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein; eg er berre ein hyrding, som sankar morbær-fikor. 15 Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sa til meg: Gakk og ver profet for mitt folk Israel! 16 So høyr no Herrens ord: Du segjer: Du skal ikkje tala profetord mot Israel og ikkje preika mot Isaks hus. 17 Difor segjer Herren so: Kona di vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, di jord skal dei byta med mælesnor, du sjølv skal døy i eit ureint land, og Israel skal verta burtført frå sitt land. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society