Online Bible

- Reklamy -

Amos 6 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


Profeten ropar ve yver dei sutlause hovdingane i det rike og blømande Israel, dei som bur i Jerusalem og Samaria; dei vil ikkje tru at domen er nær, men er harde mot dei veike og lever i ovlivnad, utan tanke på at folket snart skal verta tynt, 1-6. Han forkynner Israel at Herren til straff for gudløysa deira vil lata eit framandt folk koma yver dei, plaga dei hardt, øydeleggja riket deira og føra dei i utlægd; med all si makt vil dei ikkje kunna standa seg mot det, 7-14.

1 Usæle dei som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias fjell, dei fremste i det gjævaste av folki, dei som Israels hus plar venda seg til!

2 Far yver til Kalne og sjå, gakk derifrå til det store Hamat, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?

3 De som jagar den vonde dagen langt burt og let uretten sessa seg innmed dykk,

4 de som ligg på filsbein-benker og latar dykk på sengene dykkar, som et lamb som er valde or saueflokken og gjødkalvar henta frå fjøset,

5 som syng allslags tull til harpelåt og hev tenkt dykk ut strengespel, liksom David,

6 som drikk vin or bollar og salvar dykk med dyraste oljen, men ikkje syrgjer yver Josefs skade.

7 Difor skal dei no førast burt fremst i den landlyste flokken, og slutt skal det vera med letings-skrålet.

8 Herren, Israels Gud, hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Eg styggjest ved Jakobs byrgskap og hatar hans slott, og eg gjev upp byen og alt som der finst.

9 Og um det finst ti menner att i eitt og same hus, so skal dei døy.

10 Og frenden åt ein mann, han som skal brenna han, skal taka han og bera beini or huset; og han skal segja til den som er inst inni huset: Er det nokon att hjå deg? Han skal svara: Nei, ingen! Då skal han segja: Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast!

11 For sjå, Herren byd, og dei slær det store huset i knas, og det vesle til dess det brest.

12 Spring vel hestane uppetter fjellet, eller pløgjer ein der med uksar? - sidan de hev vendt retten til forgift og rettferds frukter til malurt.

13 De som gled dykk i det som ingen ting er, og som segjer: Det er med vår eigi makt me hev vunne oss velde!

14 For sjå, eg reiser eit folk imot dykk, Israels hus, segjer Herren, allhers Gud, og dei skal trengja og trælka dykk frå Hamatvegen til Moabekken.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy