Amos 3 - Norsk oversettelse 1938 nynorskHerren hev valt ut Israel framfor alle folkeslagi; difor vil han og straffa folket for alle syndene deira, 1.2. Profeten hev rett til å forkynna dei straffi, og han kann ikkje lata vera å gjera det; for Herrens kall er det uråd å standa imot, 3-8. Han uppmodar heidningane til å samla seg og vera vitne til misgjerningane i Samaria, 9.10. For desse misgjerningane skuld skal fiendar frå alle kantar koma yver Israel, so berre nokre få av dei skal verta frelste, og avgudsaltari deira og dei herlege slotti skal øydast, 11-15. 1 Høyr dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels-born, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarlandet: 2 Einast dykk vilde eg kjennast ved av alle ætter på jordi; difor vil eg heimsøkja dykk for alle misgjerningane dykkar. 3 Tru tvo gjeng i lag utan dei vart samde um det? 4 Tru løva burar i skogen utan ho hev funne eit rov? Let ungløva høyra sitt mål frå hiet utan ho hev veidt eitkvart? 5 Tru fuglen fell i snara på marki utan at snara er sett for han? Sprett snara upp frå marki, tru, utan at noko sit fast? 6 Eller ljomar vel luren i ein by utan at folket fær støkk? Eller hender ei ulukka i ein by utan at Herren hev gjort det? 7 For Herren, Israels Gud, gjer ingen ting utan at han hev forkynt si løynråd for tenarane sine, profetane. 8 Når løva burar, kven lyt ikkje reddast då? Når han talar Herren, Israels Gud, kven lyt ikkje då tala profetord? 9 Ropa ut i slotti i Asdod og i slotti i Egyptarland, seg: Samla dykk på Samariafjelli og sjå for ei uro der er, og for valdsverk som råder der! 10 Dei veit ikkje å gjera det som rett er, segjer Herren, dei som haugar upp valdsverk og tjon i slotti sine. 11 Difor, so segjer Herren, Israels Gud: Fiendar skal koma og kringsetja landet. Dei skal støyta ned borgi di, so du misser di vern, og slotti dine skal verta plundra. 12 So segjer Herren: Som hyrdingen bergar or løvegapet tvo leggbein eller ein øyrelapp, so skal Israels born verta berga, dei som sit i Samaria i sofakråi og på putor av damask. 13 Høyr og vitna mot Jakobs hus, segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud: 14 Den dagen eg heimsøkjer Israel for deira misgjerningar, då vil eg heimsøkja Betels altar, so altarhorni vert avhogne og fell til jordi; 15 både vinterhus og sumarhus vil eg slå ned, og filsbeinhusi skal siga i røys, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society