Online Bible

- Reklamy -

Amos 2 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


Profeten forkynner Herrens straffedom yver Moab for liknande misgjerningar, 1-3, yver Juda for di det bryt Herrens lov, og serleg for di det dyrkar avgudar, 4.5, og til slutt yver Israel (dei ti ættene); han skildrar dei skræmelege syndene som råder hjå dei, 6-8, trass i dei store velgjerningane Herren hev synt dei, 9-12, og trugar dei med hard trengsla, som ingen skal kunna koma seg undan, 13-16.

1 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Moab, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk;

2 men eg sender eld imot Moab, han skal øyda slotti i Kerijot; og i hergny skal Moab døy, medan herrop og lurljom skrell;

3 eg ryd domaren ut or landet deira, og alle hovdingar der skal eg drepa med han, segjer Herren.

4 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Juda, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodi hans, men let seg dåra av lygngudane sine, som federne fyrr hadde fylgt;

5 men eg sender eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems slott.

6 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Israel, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei sel skuldlaus mann for pengar og den fatige for eit par skor,

7 dei som helst vil sjå mold på ein stakkars hovud og rengjer retten for spaklyndte folk. Son og far gjeng til same gjenta, til vanhelging for mitt heilage namn.

8 På pantsette klæde ligg dei attmed kvart altar, og vin som dei hev teke i bøter, drikk dei i huset åt sin Gud.

9 Og det var då eg som rudde ut amoritane for dei, dei som var høge som sedertre og sterke som eiker, og eg tynte frukti deira ovantil og røtene nedantil;

10 det var eg som førde dykk upp frå Egyptarland og leidde dykk fram i øydemarki i fyrti år, so de skulde taka Amoritarlandet;

11 eg vekte profetar bland sønene dykkar, nasirearar bland dykkar ungdomar. Er det ikkje so, de Israels-born? segjer Herren.

12 Men de fekk nasirearane til å drikka vin, og profetane forbaud de å tala profetord.

13 Sjå, no skal eg tyngja dykk ned, som ei full-lest kornvogn tyngjer allting ned;

14 den snøgge skal ikkje finna livd, og den sterke ikkje få bruka si makt, og kjempa skal ikkje berga sitt liv;

15 bogeskyttaren stend seg ikkje, den lettføtte skal ikkje berga sitt liv, og ikkje ridaren på hesten sin;

16 den djervaste bland kjempone lyt røma naken den dagen, segjer Herren.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Následuj nás:



Reklamy