Aanlyn Bybel

- Advertensies -

Salmane 1 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011


Første boka Salme 1–41

1 Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,

2 men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3 Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer, skal lukkast.

4 Slik er det ikkje med dei lovlause. Dei er lik agner som spreiest for vinden.

5 Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen, ingen syndarar i flokken av rettferdige.

6 For Herren kjenner vegen dei rettferdige går, men vegen dei urettferdige går, fører vill.

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Volg ons:



Advertensies