Aanlyn Bybel

- Advertensies -

Amos 1 - Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011

1 Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.


Dom over grannefolka

2 Han sa: Herren brøler frå Sion, frå Jerusalem ljomar røysta hans. Beitemarkene til gjetarane skal sørgja, Karmels topp skal tørka.

3 Så seier Herren: Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei treskte Gilead med jerntaggar.

4 Eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda Ben-Hadads borger.

5 Eg bryt sund portbommen i Damaskus, ryddar ut han som tronar i Aven-dalen, og han som ber septer i Bet-Eden. Folket i Aram skal i eksil til Kir, seier Herren.

6 Så seier Herren: Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.

7 Eg sender eld mot muren kring Gaza, han skal øyda borgene hennar.

8 Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod, og han som ber septer i Asjkalon. Eg lyfter handa mot Ekron, og resten av filistrane skal gå til grunne, seier Herren Gud.

9 Så seier Herren: Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil, dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.

10 Eg sender eld mot muren kring Tyros, han skal øyda borgene der.

11 Så seier Herren: Tre ugjerningar av Edom, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei jaga brørne sine med sverd, dei viste inga miskunn. Dei heldt alltid fast på sin harme, vreiden vakta dei i det endelause.

12 Eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra.

13 Så seier Herren: Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire – eg held det ikkje tilbake! For dei skar opp gravide i Gilead og utvida grensene sine.

14 Eg set fyr på muren kring Rabba, eld skal øyda borgene der under kampropa på stridens dag, i stormen på uvêrsdagen.

15 Då skal kongen deira gå i eksil saman med stormennene, seier Herren.

Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.

Norwegian Bible Society
Volg ons:



Advertensies