Aanlyn Bybel

- Advertensies -

Salmane 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk


Dei to vegane

1 Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar,

2 men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3 Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast.

4 Så er det ikkje med dei gudlause. Dei er lik agner som spreiest for vinden.

5 Difor skal ingen gudlaus stå seg når domen fell, og ingen syndar vera med der dei rettferdige samlast.

6 For Herren kjenner vegen åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.

© Norwegian Bible Society 1978/85

© Bibelselskapet 1978/85

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Volg ons:



Advertensies