Amos 1 - Norsk ovesettelse 1978/85 nynorsk1 Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet. Domen over grannefolka 2 Han sa: Herren skal torna frå Sion, la røysta si ljoma frå Jerusalem. Då skal beitemarkene åt gjætarane stura og alt turka bort på Karmels topp. 3 Så seier Herren: For tre ugjerningar Damaskus har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei har treskt Gilead med jernslegne sledar. 4 Men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda Benhadads borger. 5 Eg bryt sund portbommen i Damaskus, rydjar ut dei som bur i Aven-dalen, og han som ber kongsstav i Bet-Eden. Og folket i Aram skal førast til Kir, seier Herren. 6 Så seier Herren: For tre ugjerningar Gasa har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei førte bort alle dei hadde teke til fange, og gav dei i Edoms vald. 7 Men eg sender eld mot muren kring Gasa, han skal øyda borgene i byen. 8 Eg rydjar ut dei som bur i Asjdod, og han som ber kongsstav i Asjkalon. Eg vender mi hand mot Ekron, og resten av filistarane skal gå til grunne, seier Herren Gud. 9 Så seier Herren: For tre ugjerningar Tyrus har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For alle dei hadde teke til fange, gav dei i Edoms vald; dei kom ikkje brorskapspakta i hug. 10 Men eg sender eld mot muren kring Tyrus, han skal øyda borgene i byen. 11 Så seier Herren: For tre ugjerningar Edom har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei forfylgde sine brør med sverd og viste ikkje medkjensle. Dei heldt alltid fast på sin vreide og gav aldri opp sin harme. 12 Men eg sender eld mot Teman, han skal øyda borgene i Bosra. 13 Så seier Herren: For tre ugjerningar ammonittane har gjort, ja, for fire tek eg ikkje att min dom. For dei skar opp svangre kvinner i Gilead då dei ville gjera sine grenser vide. 14 Men eg kveikjer eld mot muren kring Rabba, han skal øyda borgene i byen, medan hærrop lyder på stridens dag, og stormen rasar på uversdagen. 15 Då skal kongen deira førast bort som fange saman med hovdingane sine, seier Herren. |
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society